til top
  • "Funkyfunkis"-familien valde dører frå Bygg1!
  • "Funkyfunkis"-familien valde dører frå Bygg1!

"Funkyfunkis"-familien valde dører frå Bygg1!

"Funky Funkis"- familien bur på nordvestlandet og valde dører frå ein leverandør som også høyrer heime til der. Bygg1 held til i Ørsta kommune, i hjartet av Sunnmørsalpane, og er ein av Mesterhus sine leverandører. Her kan du laste ned deira app, eller lese meir om kva du bør tenkje på når du skal velje dører til din heim.

Aktuelt / 17.06.2020

Last ned app

Har du lyst til å sjå korleis ei dør blir i ditt hus? Med Bygg1 sin app kan du ta bilde av ditt inngangsparti eller interiør, og sette inn dine nye dører frå deira store utval. Du kan også lett skifte farge på dørene, for å finne den fargen som passar din heim. Last ned her:

List Image
Innerdører

Slå deg laus med fargar og mønster! Det er mykje å velje i, og våre forhandlarar hjelper deg gjerne.

Innerdører
Ønskjer du ei dør i same stil som resten av romet, eller ønskjer du ein kontrast? Uansett kva du vel vil det påverke det totale uttrykket. Ei glatt dør gjev eit stilreint inntrykk og passar i dei fleste moderne miljø. Her kan du velje mellom lette slette, kompakte eller massive dører. Klassisk design passar godt i dei fleste miljø. Massive dører er konstruerte på den tradisjonelle måten – med laminert ramtre og kompakte speil.

Kvitmalte dører er standard, men kanskje passar ein annan farge meir for din heim?

Ved å vere kreativ med fargevalet til dine innerdører er det inga grense for kor mykje liv du kan bringe inn i heimen. Fargar påverkar kven vi er - humøret vårt, kjenslene våre og dei kjenneteikn som gjer kvar enkelt av oss unike. Vel du rette fargetonar til dørene på same måte som du vel til veggar, golv og tekstil, kan du skape den rette stemninga i din heim.

 

Stilig med svart innerdør i ein elles kvit bustad!

List Image
List Image

Eller du kan velje meir tradisjonelle innerdører i kvitt, og kanskje med glas? 

Ytterdører

Inngangsdøra di er viktig - Den er det første møtet med din heim. Bygg1 leverer ytterdører som toler norske vèrforhold!

List Image

Ytterdører

Ei god dør skal være vakker, praktisk og haldbar. Den skal også komplettere husets arkitektur, og med ein god konstruksjon vere sikker og fungere optimalt i vårt nordiske klima. Til hovudinngangsdør kan du velje di eiga særprega løysing; enkeltdør med eller utan sidefelt, eller kva med ei tofløya dør? Kvitmalte dører er standard, men ofte vil ein anna farge gje huset eit flott uttrykk. Vi har ytterdører i ulike kvalitetar og isolasjonsevne. Det er mest vanleg med slett eller sporfrest design, men vi har også dører med utanpåliggande dekor på utsida. Du kan også velje mellom overflate i standard HDF eller kompaktlaminat.

Ytterdører med utanpåliggande dekor

Ytterdører med utanpåliggande dekor passar godt til hus og hytter i klassisk eller herskapeleg stil. Dette er dører som har eit meir eksklusivt tradisjonelt design som vil løfte uttrykket til din bustad. Alle dørene har slett innside og dekor på utsida som standard.

Eksklusive ytterdører
Robuste ytterdører med høg kvalitet og eineståande isoleringsevne. Inngangspartiet og ytterdøra er huset sin velkomst. Personleg smak og arkitektur har betydning når du skal velje dører til ditt hus. I produksjonsprosessen er den nyaste teknologien og det beste materialet nytta. Konstruksjonen gjer at isoleringsevna vert betydeleg betre enn på standard ytterdører. U-verdien på dørene er frå 0,57 til 0,98 og kan nyttast i hus bygde etter passivhusstandard. Ytterdører med betre isolering vil redusere varmetapet betydeleg. Ved å nytte våre ytterdører får du betre innemiljø, auka komfort og lågare energikostnadar.

List Image

Kva med svart ytterdør? Litt lys gjennom ytterdøra kan løfte rommet innanfor, og det fins mange måtar ha glas i døra på. 

Vil du vite meir?

Du kan besøke nettsida til bygg1 her, og sjå meir av deira store utval. 

Ønskjer du kontakt med ein av våre Mesterhusforhandlarar om kva vi kan hjelpe deg med?

 

Kontakt Mesterhusforhandlar her