til top

Vel du skreddarsaum, hjelper Mesterhus deg heile vegen frå planteikning til ferdig draumehus. Alle husa våre kan endrast og tilpassast etter dine ønskjer.

Har du klart for deg korleis draumebustaden din ser ut? Me bygger akkurat det huset du vil ha, og hugs at alle Mesterhus kan skreddarsyast etter dine behov. Ein av fordelane med å få bygd noko eige er jo at du kan få det nøyaktig slik du vil, både med tanke på funksjonalitet og utsjånad.

Mesterhus har mange arkitektteikna husmodellar, men det er svært sjeldan at husa ender opp akkurat slik dei er avbilda i katalogen. Byggeprosessen vert forma av menneska som skal bu der.

Våre dyktige fagfolk hjelper deg med å identifisere kva behov den nye bustaden din skal tilfredsstille. Sjå på huskatalogen vår som ei kjelde til inspirasjon, og kom med eigne idèar og tankar undervegs.

Finn du ikkje draumebustaden på nettsidene våre? Våre arkitektar kan teikne eit skreddarsydd hus basert på dine innspel. Gjennom Mesterhus får du kreativ fridom, samstundes som det aldri vert rokka ved tryggleiken. Det blir som avtalt.

Under har me samla nokre referansesaker som me håpar vil gje deg inspirasjon i ditt eige byggeprosjekt.

Mer informasjon
Kontakt forhandler