til top
  • Energirådgjeving og -merking

Energirådgjeving og -merking

Lurar du på kva energitiltak som kan/bør gjennomførast i bustaden din?

Svaret kan du få ved å engasjere ein energirådgjevar til å kartlegge energitiltaka som kan passe. Du vil då få kartlagt dagens tilstand på bustaden din og den vil få eit energimerke. Deretter vert det laga ein plan med mogelege tiltak som vil redusere energibruken.

Dersom du engasjerer ein godkjent energirådgjevar til denne kartlegginga får du inntil kr 7500,- i støtte. Me har denne godkjenninga.

Dersom du gjennomfører tiltaka i planen vil Enova støtte ei rekke av desse økonomisk. Kor stor støtta vert er avhengig av kor stor energisparinga for bustaden din vert.

For det siste prosjektet me gjennomførte energirådgjeving og rehabilitering på fekk kunden kr 150.000,- i støtte frå Enova.

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar hjå oss dersom du ynskjer meir informasjon om dette.